Så bra at du vil vere med i FolkOrg - organisasjons for folkemusikk- og folkedans. Velkommen!

Det er mange fordelar ved å vere medlem i FolkOrg - i tillegg til at du stør opp om organisasjonens arbeid for folkemusikk og folkedans i Noreg. 

Medlemskontingenten i FolkOrg vert bestemt på landsmøtet annakvart år, og for 2026 er satsane slik:
Barn kr. 100,- (t.o.m 18 år)
Ungdom kr. 200,- (19 år – t.o.m. 25 år) 
Vaksne kr. 400,-

I dette innmeldingsskjemaet kan du betale med Vipps, kort eller Klarna. Dersom du ikkje har moglegheit til å betale via desse betalingstilboda, så ta kontakt med Jorun på jorun@folkorg.no for å gjere innmeldinga direkte.

Merk! Om du melder deg inn i eit lokallag som er tilslutta eit områdelag, så blir du automatisk medlem i dét områdelaget. Kontingenten til lokallag og områdelag kjem i tillegg til kontingenten til FolkOrg. Kontingentsatsane til lokallag og områdelag varierer frå lag til lag.

I innmeldingsskjemaet får du oversikt over lokallaga du kan melde deg inn i, og etter namnet på lokallaget ser du sum på kontingent i lokallaget og eventuelt områdelag.

Dersom du ønskjer å melde deg inn i to eller fleire lokallag, så melder du deg inn i eitt lag her i dette skjemaet, og så tek du kontakt med FolkOrg på post@folkorg.no, og skriv kva ekstra lag du vil melde deg inn i. Da får du ettersendt ein ekstrafaktura på dette.